Bilder av Jesus i Åpenbaringen

Bilder av Jesus i Åpenbaringen

Når

21. 10 2021 - 24. 10 2021    
20:00 - 12:00

Arrangementstype

Bilete av Jesus i Openberringa

I Openberringa les vi om dei siste, personlege møta med Jesus som menneske fekk i Bibelen. Korleis viser han seg for den gamle apostelen Johannes, like før år 100 e.Kr? Korleis viser han seg for han som sit isolert og åleine på øya Patmos i Egearhavet? Korleis viser han seg for kristne i Romarriket, som lever under naud og forfølging? Vi skal fordupe oss i bileta av Jesus i denne forunderlege boka, slik han viste seg i synene for Johannes: som Den første og den siste, Lammet, Barnet, Sigerherren og Morgonstjerna. Til saman kan desse bileta gje oss eit fornya syn av Jesus – ikkje berre slik han var under livet på jorda, men endå meir slik han er i sin evige eksistens ved Guds trone. For han er oss like inderleg nær i dag som han var i Bibelens tid.

 

Retreatledelse

Hans Johan Sagrusten (f. 1970) arbeider i Bibelselskapet. Han er utdanna teolog og har skrive ei rad med bøker om Bibelen. Han har skrive bestseljaren Det store puslespillet – jakten på de tidligste manuskriptene til Bibelen og er ein etterspurd foredragshaldar. Han har vore bibelomsetjar i mange år og var ein av omsetjarane bak Bibel 2011. Sagrusten kjem frå Vågå og er i 2021 vikarierande sokneprest i Lom i Gudbrandsdalen.